Hopp til hovedinnhold

Biblioteket

Velkomen til skulebiblioteket i 3. etasje.

På biblioteket kan du gjere lekser, drive gruppearbeid, lese bøker, tidsskrift og aviser. Her finn du fagstoff og kjelder til oppgåver og prosjektarbeid.

Bibliotekaren anbefaler litteratur, hjelper deg å finne fram og kan rettleie deg i å søke i ulike databaser og på internett.

Hugs å ta med lånekort!

Biblioteket skal vere ein god stad for læring, arbeid og avkobling. Hald stemmebruken på eit behageleg nivå, ta hensyn til oss andre.

Biblioteket er eit sosialt rom, og det er lov å prate, spele spel og surfe på nettet – så lenge du respekterer andre, lar dei få arbeidsro og held orden.

 

Lånekontrakt

Når du startar på skulen må du underteikne ein lånekontrakt.
Er du under 18 år må også føresette underteikne. Du kan då låne gratis skulebøker. Elektronisk lånekontrakt finn du ved å klikke på lenka under.

https://skjema.vlfk.no/opplaering/person/lanekontrakt_elev

Opningstider

Tirsdag - torsdag: Skulebiblioteket er bemanna kl. 08.00- 15.30

Måndag, onsdag og fredag: Skulebiblioteket er sjølvbetent og opent for elevar kl 08:00 - 15:30

Lånereglar

Du treng lånekort for å låne bøker og anna materiale frå biblioteket. Nasjonalt lånekort får du på biblioteket ved å vise fram legitimasjon.

Alt materiale som blir tatt med ut av biblioteket må registrerast!

Lånetida er 4 veker for bøker og 7 dagar for filmar. Oppslagsverk og handbøker er berre til bruk i bibliotek

Utlånte bøker kan reserverast. Du får beskjed når utlånt material blir tilgjengelig for deg.

Dersom ingen står på venteliste, kan du fornye låna dine ( dette gjeld ikkje lærebøker). Dette kan du anten gjera sjølv på låneautomaten eller du kan vende deg direkte til bibliotekaren.

Du er sjølv ansvarleg for materiale som er lånt. Tapt eller øydelagt materiale må erstattast. Etter 2. purring uten reaksjon frå deg, blir det sendt rekning etter gjeldende erstatningssatsar.