Hopp til hovedinnhold

Bygg- og anleggsteknikk

 To jenter frå vg1 bygg- og anleggsteknikk byggjer ein trekonstruksjon med plankar, hammar og spikar.

Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr

Vi ynskjer å gje deg ein brei inngang til bygg- og anleggsfaga. Slik får du eit godt grunnlag for vidare val av utdanning og yrke.

Programfaga skal gje deg grunnleggjande ferdigheiter i bygg- og anleggsteknikk og fremje arbeidsglede, gode arbeidsvanar og evne til samarbeid.

I yrkesfagleg fordjuping vil du få prøve ut ulike yrkesfag, slik at du kan finne ut kva du ønskjer å utdanne deg til.

Første året (vg1) er felles for alle som vel bygg- og anlegg. På skulen vår kan du på vg2 søkje deg inn på: 

  • Tømrar
  • Betong og mur

Vg1 bygg- og anleggsteknikk


Vg1 er felles for alle som går på bygg- og anleggsteknikk.

Mykje praksis blir vektlagd. Du får kjennskap til 20 ulike byggfag. Alle vel å fordjupe seg i eit fag og får prøve dette faget i ei bedrift.

På bygg- og anleggsteknikk får du praktiske og varierte arbeidsoppgåver, og delar av undervisninga kan bli lagt til byggeplassar.

Vi har fire vg1 klassar.

Organisering av opplæringa
På vg1 bygg- og anleggsteknikk får du grunnleggjande opplæring og moglegheit til å prøve ut ulike sider av bygg- og anleggsyrka. Dette skjer gjennom fleire ulike modular.

I andre halvår vel du fordjupingsmodular og får dermed fordjupe deg i lærefag som interesserer deg mest. Denne opplæringa skjer i bedrift. Ein stor del av opplæringa er praktisk retta etter PPD-modellen. Det vil seie at du planlegg eit arbeid, produserer (utfører) det du har planlagt, og dokumenterer det du har gjort.

I mange tilfelle jobbar du tverrfagleg, t.d. kan dokumentasjonen du skriv godt foregå i norsktimane.

Vg2 Tømrar

 

På vg2 tømrar får du opplæring i bygging og montering av ulike typar trekonstruksjonar. Programområdet omfattar og produksjon, oppføring, ombyggjing og vedlikehald av bygningar.

Tømrarfaget treng sjølvstendige utøvarar som er nøyaktige, nytenkjande og miljømedvitne. Du må og kunne samarbeide med andre, ha god materialkunnskap, god kommunikasjonsevne, praktisk sans og godt handlag.

Som tømrar kan du få jobb i tømrar-, entrepenør-, eller byggefirma.

Sentrale arbeidsområde er

  • konstruksjons- og innreiingsarbeid i bygningar
  • produksjon og montering av element og modular
  • rehabilitering og vedlikehald av bygningar
  • tegning og konstruksjonsforståing
  • arbeidsplanlegging og drift av byggeplassar

Skulen har eit særs godt samarbeid med næringslivet. Elevane på vg2 tømrar får deler av den praktiske opplæringa i bedrift.

 

Vg2 Betong og mur

 

Bygg og vedlikehald av bygningar, bygningsdetaljar, anlegg og andre konstruksjonar i betong, flis og mur produkt.

Elevane lærer å velgje materialar, handtere produkt og byggje konstruksjonar i betong og mur med omsyn til estetikk, miljø og økonomi.

Her vil du lære å sikre ein handverksmessig utføring som gjev varige og miljø- og energieffektive konstruksjonar, forstå bygningsfysikk og utforsking av dristige bygg. Vi ynskjer å auka medvitet om handverkets betydning for berekraftig bruk av betong og mur, og for miljøvennleg bruk av materialar.

Betongarbeid handlar om å forskale, armere og støype konstruksjonar

I lengre periodar er elevane ute på byggeplass. I tillegg er elevar ute i praksisperiodar i lokale eller regionale bedrifter etter avtale mellom bedrifta, skulen og eleven. Dette gjev verdifull praksiserfaring for elevar i murarfaget.

To elevar frå bygg- og anleggsteknikk kappar til plankar på ei gjerdesag (kappsag)

Vegen vidare

Etter to å i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Meir om det å bli lærling.

Du kan også ta Påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.