Elektrofag med spesiell studiekompetanse, 3-årig (vg1, vg2 og vg3)
Elektrofag med spesiell studiekompetanse passar for deg som har ein draum om å bli ingeniør. Ved å kombinere elektrofag og studiespesialisering tilbyr vi eit opplæringsløp som er spesialtilpassa for ungdom som vil bli ingeniør.
- Spesiell studiekompetanse
- Praksisnær opplæring
- 2-4 veker arbeidspraksis i bedrift (vg2).
Programfag og yrkesfagleg fordjupning er jamt fordelt over dei to første åra og fellesfag er fordelt over 3 år med hovudtyngde det 3. året.
Programfaga tilsvarer vg1 elektro og datateknologi og vg2 elenergi og ekom.
I tillegg kommer fellesfaga som kreves for å kome inn på ingeniørstudier, inkludert matematikk R1 og R2 og fysikk 1.
Vg1 Elektro og datateknologi
Elektro og datateknologi er utdanningsprogrammet for deg som kan tenkje deg å jobbe innanfor elektrisitetsforsyning, installasjon, automatisering eller data- og elektronikkbransjen. Desse yrka krev at du er nøyaktig, sikker og systematisk. Du bør også ha ei viss evne til å tenke logisk og vere praktisk anlagt.
Hos oss får du både praktisk og teoretisk undervisning.
Innanfor den teoretiske delen er matematikk eit viktig støttefag. Praktisk prosjektarbeid er ei viktig undervisningsform, og den praktiske undervisninga blir gjennomført i eigne elektroverkstader.
Du lærer grunnleggande bruk av verktøy og instrument og å tolke teikningar, instruksjonar og reglar. HMS (Helse/Miljø/Sikkerheit), samarbeid og ansvar er også viktige element i undervisninga.
I tillegg har vi faget yrkesfagleg fordjuping (YFF) der vi jobbar med tema som er relevante for programområda våre.