Hopp til hovedinnhold

Kantina

To smilande medarbeidarar, Rebekka og Yulia i kantina ved Laksevåg og Bergen Maritime vgs, står klare bak disken for å servera elevane. Den eine er kledd i ei mørkeblå T-skjorte og den andre i ei svart kokkejakke. Kantina verkar rein og ryddig, med eit utval av matvarer som nudlar og wrapar synleg for sal. Ved lunsjtider blir det også servert varm mat etter ein variert meny. Ved kassa står ein betalingsterminal klar til bruk, og atmosfæren verkar imøtekommande og triveleg

Svolten? Tom for energi? Ta deg ein tur i kantina.

Kantina vår ligg i 5. etasje. Her er det triveleg å vera, og du kan velje mellom mykje sunn og god mat. Du kan kjøpe alt frå påsmurte rundstykke til yoghurt, mjølk og middagsrettar til ein rimeleg pris. Med mat i magen får du energi til å yte ditt beste heile skuledagen!

Kantina er open alle skuledagar mellom klokka 07.30 og 13.30.

Det vert servert gratis skulefrukost frå klokka 07:30 - 08:00

Spørsmål?

Spør Rebekka Mjånes Nordland  som er kantineansvarleg