Hopp til hovedinnhold

Gull  i fylkesmeisterskapen for elevar frå Vg2 kjemiprosess- og laboratoriefag og Vg3 automatiseringsfaget

Biletet er delt i to delar og viser fire unge menn som har vunne Gull  i fylkesmeisterskapen for elevar frå Vg3 automatiseringsfaget og Vg2 kjemiprosess- og laboratoriefag . Alle fire ber blå medaljeband rundt halsen og held på diplomar der det står «DIPLOM».Venstre side To personar: Ole og Kristian står i eit verkstadmiljø.  Ole (til venstre): Han har på seg ein mørk, rutete skjorte og ein klår gul arbeidsbukse med refleks. Han held diplomet sitt framfor seg.  Kristian (til høgre): Han har på seg ein lys hettegenser og held både eit diplom og ei oransje verktøykasse av merket «Bahco».  Tekst: Over dei står teksten «Gull nr. 1 Ole og Kristian».  Høgre side To personar: Jens og Jørgen står i eit lokale som liknar eit laboratorium eller ein teknisk verkstad, med maskineri i bakgrunnen.  Jens (til venstre): Han har på seg ein lys beige vest over ein mørk genser/skjorte og smiler til kamera.  Jørgen (til høgre): Han har på seg ein mørk jakke. Begge held kvar sitt diplom i ramme.  Tekst: Over dei står teksten «Gull nr. 2 Jens og Jørgen».

Gull  i fylkesmeisterskapen for elevar frå Vg2 kjemiprosess- og laboratoriefag og Vg3 automatiseringsfaget.

Gull nr. 1 i fylkesmeisterskapen: Ole og Kristian vidare til Skule-NM!
Ole Saunes og Kristian Blauth Skare frå klasse 3auta gjekk heilt til topps i fylkesmeisterskapen i automatiseringsfaget onsdag 4. mars.

Gull nr. 2 i fylkesmeisterskapen: Jens og Jørgen vidare til Skule-NM!
Jens Nese Jørstad frå klasse 2kpla og Jørgen Kaldestad frå klasse 2 KPLB gjekk heilt til topps i fylkesmeisterskapen i Kjemi-, prosess- og laboratoriefaget

Seieren betyr at dei no er klare for Skule-NM 2026, som blir arrangert ved Ringsaker vidaregåande skule.
Sjølve finalane går av stabelen 15. og 16. april. Ringsaker vgs. er vertskap for heile sju ulike fag i år.
Følgjande fag skal konkurrera på Ringsaker:
Tømrarfaget, Rørleggerfaget, Automatiseringsfaget, Elektrikerfaget,
Kulde-, varme- og ventilasjonsfaget, Kjemi-, prosess- og laboratoriefaget og Sveisefaget