Tidspunkta for frammøte første skuledag
Her er tidspunkta for frammøte første skuledag. Hugs at skulen har avdelingar både i sentrum (Odd Frantzens plass 6) og på Laksevåg (Gravdalsrinden 47).
Alle elevar som skal begynne på vg1 bygg- og anleggsteknikk, vg2 tømrar og vg2 industriteknologi skal møte på Laksevåg. Elevane i HTA gruppa får eigen innkalling.
Elevar som skal begynne på vg1 teknologi- og industrifag vil få SMS før skulestart med melding om kvar dei skal møte. Grunnen til dette er at fire klassar skal vere på Laksevåg og fire klasser skal vere i sentrum. Elevane vil bli tilfeldig plasserte i ei av dei åtte klassane.
Resten av elevane møter i sentrum.
Frammøte i sentrum – kantina i 5. etg
08.30 Vg1 teknolog- og industrifag (sjå SMS før skulestart om du skal møte i sentrum)
09.00 Vg1 elektro og datateknologi og vg1 elektro og datateknologi med spesiell st.k.
Vg3 automasjon (møter direkte i klasserom 207)
Vg3 maritim elektrikar (møter direkte i klasserom 153)
Vg3 elektro med spesiell st.k. (møter direkte i klasserom 309)
09.30 Vg2 brønnteknikk og vg2 kjemiprosess- og laboratoriefag
10.00 Vg2 elenergi, vg2 elenergi med spesiell st.k. og vg2 automasjon
10.30 Vg2 maritime fag
Frammøte på Laksevåg – kantina
08.30 Vg1 teknologi og industrifag(sjå SMS før skulestart om du skal møte på Laksevåg)
09.00 Vg1 bygg- og anleggsteknikk
09.30 Vg2 tømrar og vg2 industriteknologi