Hopp til hovedinnhold

VG2 Tømrar og VG2 Betong og mur på Erasmus+ opphold i Flensburg, Tyskland

fem personer i en bil

Nokre av elevane våre var på utvekslingsopphaldet i Flensburg i mars. Lærarar Tom Pettersen og Tord Berdal var også med på turen dei fyrste dagane.

Vi er svært nøgde med å ha fått i gang eit samarbeid med Handwerkskammer i Flensburg. I år har elevar frå både VG2 Tømrar og VG2 Betong og mur vore på eit tre vekers opphald der dei har vore utplassert i bedrift i tømrarfaget og murarfaget.
Adine Jacobsen og Halvor Bringedal har fått nyttig erfaring i rehabilitering av eldre trekonstruksjonar, samt fått innblikk i tysk byggeskikk. Andreas Ervik og Marcus Kvamme-Fjærestad har fått vere med på både betongarbeid og murararbeid. Dei kom alle heim igjen med svært gode tilbakemeldingar frå bedriftene, og ny kunnskap.Lærarar Tom Pettersen og Tord Berdal var med som følgjepersonar dei første dagane, og fekk også prøvd seg ute i bedrift. I tillegg var dei innom skulane Eckener Schule og Kreishandwerkerschaft i Flensburg og Schleswig.

Som ein del av samarbeidet med Handwerkskammer har vi og tatt i mot to lærlingar i tømrarfaget; Il og Linus var i Bergen i februar. Takk til Byggmester Hitland og Nævdal Bygg som tok imot og tilbydde praksisplass, og gav lærlingane eit lærerikt opphald.

Som skule er vi svært takknemlege for å kunne delta i utvekslingsprogram som Erasmus+,
ei takk til Vestland Fylkeskommune som legg godt til rette for internasjonalt arbeid.